mandag 23. januar 2012

egg.

Dagens lærdom handla om lys. Lys er veldig viktig når det gjeld fotografi, det er det som skapar eit bilete. Skapar stemning, skyggar og kontrastar. I dag skulle me utnytte dette ved å fotografere eit egg. Eit egg reflekterer og trekk til seg lyset på mange ulike måtar, og opnar for mange moglegheiter. 

På dette biletet er det kaldt, klart og jamnt lys. Lyset er spredt jamnt over egga, og framhever den kvite og reine fargen til egget. Det jamne lyset er også grunnen til mangel på skygge, fordi lyset kjem ikkje frå ei bestemt lyskjelde.
På dette biletet kjem lyset inn frå sida og skapar skygge. Lyset er sterkare og varmare, men er i likheit med biletet ovanfor naturleg lys.
Dette biletet har jamnt, kaldt og dust lys. På grunn av det jamne naturlege lyset blir det ikkje skapa store kontrastar mellom skygge og objekt. Fokuset ligger på det framderste egget, kor det er eit høglys. 
Dette biletet er tatt i kunstig lys, kor lyset kjem frå eit punkt. Lyset er varmt og på same tid dust.  Egget har fått ein eigenskygge som er med på å framheve forma. 

Lyset på dette biletet er kaldt og jamnt, og kjem frå ei naturleg og jamn kjelde. Lyset blir reflektert i egget og i det blanke bordet og er med på å skape slagskygge, høglys og eigenskygge til egget. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar