mandag 14. mai 2012

Oppsummering av fotoåret.

FOTO
Gjennom det siste halve året har me hatt foto ein gong i veka, og no har me kome til vegs ende. Gjennom dette året har me gått gjennom ulike basis-innstillingar på kameraet, bruk av komposisjon og lys for å nemne noko. Eg synes at det har vore kjekt å få moglegheita til å ta meir bileter og det å bruke bileter i oppgåver. Eg kunne ein del frå før om kameraet mitt, men eg synes at det har vore greit å få ei repitisjon, og no kan eg det sjølvsagt betre. 

Me har fått ulike utfordringar, med ting som utfordra på ulike måtar. Nokre gonger var det utfordringar i forhold til det tekniske og få instillingar og liknande bra, medan andre gonger var det utfordringar med å gjere eit konsept annleis og nytenkande. Eg synes at eg har fått mest utfordring på det planet med å finne løysningar på oppgåva, særleg når me måtte ta bileter som eg ikkje var vann med. Eg synes at dette har vore kjekt!

BLOGGING
Me har brukt blogging for å dokumentere dei ulike oppgåvane me har hatt i fotofaget dette året. 
Eg synes det har vore ein grei måte å jobba på, i staden for å ha innleveringar og liknande. Ved å samle alt på ein blogg har du ein oversikteleg blogg som du kan sjå tilbake på. Eg likar særleg at det er ein god måte å sjå utviklinga gjennom året, og sjå at eg har forbetra meg på områder. Det er også kjekt når me har moglegheita til å gå inn på dei andre elevane sine bloggar og sjå korleis dei tolkar,løysar og vinklar oppgåvane me får. 

ARBEIDSMETODAR
Eg er svært nøgd med korleis me har arbeida med fotofaget gjennom året. Me har hatt passande mengde med arbeid slik at det sjeldan må bli gjort noko heime, noko som er svært positivt. Arbeidet med bloggen har vore kjekt, me har også fått moglegheit til å reise på nokre ekskursjonar og bruke fotostudio, så det har alt i alt vore ein kjekk måte å arbeide på og me har fått lære litt av kvart.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar