mandag 30. januar 2012

Svart og Kvit

Eit bilete endrar seg drastisk når det er i svart/kvit. Kontrasten mellom lys og skygge blir framheva, og små detaljar kan ofte bli meir tydelege. Det gjer noko med uttrykket, dramatikken og kjensla bilete gjev deg. I dag har me lært ulike måtar å gjere dette på Photoshop CS5. 
Det finnes ulike måtar å redigere bileter om til svart/kvit på i photoshop. Bilete over viser ein av metodane; Image > Adjustments > Gradient map. Då får ein eit bilete som tek i bruk store delar av gråskalaen, men det gir moglegheiter for endringar etterpå. Desse endringane gjorde me ved å bruke Curves. Ein anna måte å redigere eit bilete om til svart/kvit på er å gå på Image > Adjustments > Black & White. Sjølv synes eg at bileta blir finare og har finare kontrastar når ein brukar Gradient Map.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar