mandag 30. januar 2012

Motlys og Eksponering

I mange tilfeller tek me bileter i motlys. Resultatet av dette blir at objektet som er i fokus blir mørkt, medan bakgrunnen blir lys. For å endre på dette må du endre på eksponeringa, og det har me lært om i dag. Ein kallar det kor ømfintleg eit bilete er til lys.
Ved å ta opp eksponeringa tilfører du biletet meir lys, og objektet vil bli lysare og komme klarare fram. Bakgrunnen vil då også få meir lys.
På det nederste biletet kan me sjå at det er blitt tilført for mykje lys, og Hanna og bakgrunden nokre plassar "smeltar saman". På det øvste biletet er det blitt tilført nok lys til at det er Hanna som kjem i fokus. På mine bileter kjem ikkje denne virkninga heilt tydeleg fram på grunn av sidelyset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar