søndag 18. mars 2012

ekskursjon til arkeologisk museum

Eit bilete kan vere med på å fortelje ei historie, vise ein hendelse, raportere, dokumentere, få fram kjensler og skape draumar. Ein kan bruke eit fotografi til så utruleg mykje, i varierte settingar. 
Den 12. Mars var me på ekskursjon til Arkeologisk museum i Stavanger for å sjå på ei utstilling kalla "Time Line" av fotograf Terje Tveit. Terje arbeider som fotograf på arkeologisk museum, og han fortalte oss litt om dei forskjellige arbeidsoppgåvene sine. Det er han som tek bileter av dei arkologiske funna, nokre gonger i feltet men óg alltid når dei kjem til museet. Me fekk sjå nokre av fotografia hans, og han fortalte oss litt om korleis han arbeida med lys, skyggar, kontrastar og plassering for å få fram gjenstanden på best mogleg måte. 

På museet hadde Terje Tveit ei utstilling kalla "Time Line" med sine eigne private bileter. Dette var ulike naturbileter, som stod i kontrast til kva han arbeida med til vanleg på museet. Han snakka litt om etterarbeidet med fotografia og viktigheita av lysbruk. 

Eg synes at det var interessant å sjå kor ulike uttrykk eit fotografi kan gje, og kor store variasjonsmoglegheiter du har. Terje Tveit brukar fotografi både som dokumentasjon, men óg som kunst! Bildene i dette inlegget er en dokumentasjon av vår tur til Arkeologisk Museum.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar