mandag 5. mars 2012

Fem kategorier, del 1

Mine fem kategorier er: Vann, Lys, Mat, Blomster og Komposisjon. Under kvar av disse fem kategoriane har jeg valt ut to bileter

LYS











Lukker 1/100   Blender f/2,2   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Ideen bak dette biletet er å fram den kjensla og den stemninga som er i skogen. Det er heilt spesiellt når sola gløttar gjennom tretoppane. Eg synes at bileter får fram denne stemninga godt.

Treet i forgrunnen er i fokus og står i det gyldne snitt. Samtidig blir det danna rytme og gjentakelse på grunn av dei andre trea i bakgrunnen. Linjene er med på å danne eit roleg og harmonisk bilete. 
Lyset er det aller viktigaste på dette biletet, og er med på å skape den spesielle stemninga. Lyset kjem inn frå venstre og skapar skyggar og nyansar i både himmelen og graset. 
Bildet er redigert i photoshop, der har eg gjort det litt lysare ved hjelp av Curves. 
Det eg lærte av å ta bileter i skogen var at det instillingar på kameraet er utruleg viktig. Dersom ein kan mykje med kameraet kan ein ta gode bileter som ein ikkje treng å redigere etterpå. Det var også svært viktig å få fram lyset, og eg prøvde meg ein del fram før eg fekk eit resultat eg var nøgd med. 














Lukker 1/2500   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Dette er eit bilete som fangar dei fyrste vår-solstrålene. Biletet går nært på ein liten detalj som ein kanskje ikkje legg merke til i så stor grad til det vanlege. Dei svakt skrådde loddrette linjene er med på føre blikket mot det sterke lyspunktet. Samtidig er rytmen og gjentakinga av dei beine linjene med på å skape ro. Lyset er sjølvsagt det aller viktigaste i dette biletet, det er det som gjer det interessant! Det er litt overeksponert, da noko av strukturen på treet har "forsvunnet", men eg synes at det er med på å skape ein effekt i biletet. Lyset tek både vekk strukturen i golvplankane, og er med på å framheve han ved å skape kontrastar. Biletet har store kontrastar mellom lyst og mørkt, og det er med på å gjere det til eit interessant bilete. 

BLOM

Lukker 1/80   Blender f/2,0   ISO 400   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Med dette biletet ville eg få fram dei små fine nyansane i fargen på rosa, og deira organiske og karakteristiske form. Fokuset ligg på rosa i sentrum, men også til dels på rosa til venstre. 
Komposisjonen sentrer seg rundt det gyldne snitt. 
Lyset i biletet er med på å gjera det til eit lett og luftig bilete, og skapar fine nyansar inne i roseblada. Lyset er naturleg og kvitt og kjem av naturleg dagslys. Eg har redigert biletet lysare i photoshop, for å utnytte dei lyse områda rundt blomane betre og for å skapa eit meir lett og drøymande uttrykk. 
Av dette fotoet lærde eg kor viktig det er med plassering, både av kamera (i forhald til vinkling) og plassering av motivet. Det var nødvendig å endra på plasseringa til rosene før eg tok bilete, og dette gav sjølvsagt eit betre resultat. Det er ikkje sjølvsagt at ein får eit fint bilete sjølv om ein tek bilete av ein fin ting, komposisjonen og plassering på objekta er veldig viktig.


Lukker 1/125   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 33med 50 mm objektiv
Dette biletet er roleg, balansert og samtidig utrolig spennandes. Dei organiske og strame formene til rosa dannar eit spennandes fokuspunkt. 
Lyset er jamnt dagslys, og er med på å framheve den naturlege fargen til rosa. Det blir ikkje skapt store kontrastar på grunn av sollyset, men rosas eigne sjateringar er med på å skape fargeendringar. 
Fokuspunktet er i sentrum og skapar ein nærmast symetrisk bilete, berre bladene i bakgrunnen bryt med dette. Rosa sjølv er jo heller ikkje symetrisk. 
Eg har berre redigert bilete litt lysare i photoshop ved hjelp av Curves. 
Som med det andre biletet i kategorien BLOM, har eg lært kor viktig det er med plassering av kamera i forhold til objekt. Eg har fleire bileter av denne blomen som ikkje er i nærheiten like fine. Mange er tatt i sollys og i ein anna vinkel. Det viser klart at lysforhold speler ei viktig rolle når ein tek bileter!

VATN
Lukker 1/125   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Ideen bak dette biletet var å få fram bevegelsen til vatnet. Deira kraftfulle bevegelsar som aldri sluttar, bølger som har kome inn mot land i tusenvis av år. Stemninga biletet gir er litt trist, og ein kan sjå føre seg sjølv ståande der på moloen og sjå på havet. 
Moloen ligg i sentrum av biletet og er blikkfang, det er og med på å skape ein kontrast til dei horisontale linjene som blir danna av havet. Dei horisontale biletene skapar ro i biletet, samtidig som bølgjene er med på å lage uro og spenning. 
Det er eit jamnt, naturleg og nøytralt lys danna av overskya himmel. Det blir ikkje danna lyspunkt eller store kontrastar på grunn av lyset. 
Eg har redigert biletet litt lysare i photoshop ved hjelp av curves, og tatt litt høgare saturation for å få vekk litt av blå-skjæret som prega biletet. 
Når eg haldt på å ta bileter av havet lærde eg at det er viktig å få tak i spenninga og bevegelsen i dei stadig endrande formene. Det er ikkje slik at bølgjene gjer som du ønskar, så tolmodigheit var også viktig. 

Lukker 1/1600   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
I dette biletet ønska eg å fryse augenblinket, og fanga vatnet medan det framleis var i bevegelse. Sjølv om bevegelsa er frosen kan ein sjå bevegelsen, og ein kan sjå føre seg kva som kjem til å skje. Fokuspunktet i bilete ligg på vass-spruten, medan bakgrunden er dus og ufokusert. Det er ein enkel og roleg komposisjon med loddrette linjer, som blir brote av den levande og organiske formen til vatnet. 
Lyset på biletet er jamnt, kaldt og kjem ikkje frå ei konsentrert lyskjelde. Lyset blir reflektert i vassdropane og er med på å gjera vass-spruten meir interessang. 
Biletet var veldig rødt på grunn av litt feil instillingar på kameraet, eg har derfor redigert det meir raudt og lysare ved hjelp av Curves og raud Curves. 

KOMPOSISJON

Lukker 1/125   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat Canon EOS 7D
I dette biletet ynskja eg å få fram ei roleg og idyllisk stemning, som saman med ballongane kan gi assosiasjonar til barndom, glede og leik. Sløyfene er også med på å gi biletet eit leikent uttrykk, noko som gjorde at eg likte biletet endå betre. 
På dette biletet brukte eg kameraet Canon EOS 7D med 30 mm objektiv, som hjelp meg med å fanga ein liten detalj og gjer det andre utydeleg. Ein ting som blei svært tydeleg når eg lånte dette kameraet var at bileta med eit så mykje dyrare kamera vart mykje betre. Det var ikkje nødvendig å redigere biletet, og dei blei veldig klart og fint i fargane. 
Lyset ligg jamt over biletet, men blir framleis reflektert i ballongane og skapar volum. 
Ballongane er med på å skape ei diagonal linje på den øvre høgre halvdel av biletet, noko som skapar spenning i biletet. Biletet er blitt delt opp i forgrunn (handa), ballongane (fokuspunkt) og bakgrunn (graset), noko som skapar romverkning i biletet. Plassering av kameraet og vinkelen får det til å følast som om det er du sjølv som ser ned på ballongane i handa, og er det ikkje det eit bilete skal? Fanga eit augenblink slik at ein sjølv og andre kan leva det om og om igjen? 


Lukker 1/125   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 330
På dette biletet blir framgrunn ein del av bakgrunnen, og fullfører den runde formen. Eg likar korleis den levande formen til håret står i stor kontrast til den strame forma til statuen. Det er naturleg og luftig stemning over biletet, danna av overskya dagslys. Fokuspunktet ligg på meg i forgrunden, medan det andre er uklart i bakgrunnen. Denne effekten er med på å gjera biletet rolegare, fordi ein ikkje får med alle små detaljar i f. eks graset og på trea. Biletet er blitt croppa litt i photoshop. Bildet er tatt med bruk av stativ og sjølvutløysar med fjernkontroll.

MAT
Lukker 1/20   Blender f/2,0   ISO 400   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Ideen bak dette bilete var å fram stemninga der var denne kvelden, å fanga augenblinket. Lyset på biletet er varmt, og kjem av at det var mørkt ute og me hadde dempa belysning inne. Men dette gjer at stemninga kjem betre fram, synes eg. Lyset ligg jamt over motivet, og har ingen konsentrert lyskjelde. Fokuset ligg på dei tri fremste muffinsane, med desse som fokuspunkt. På grunn av at desse er så detaljerte er det passande at forgrunnen og bakgrunnen er utydeleg. Den runde formen til fatet lagar om muffinsane til ein heilheit, og skiljar dei frå resten av biletet. 
Biletet er redigert lysare og kaldare i photoshop, då lyset var ganske varmt originalt. 



Lukker 1/100   Blender f/2,8   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Dette biletet visar ei kanelbolle, og hennar runde og organiske form. Eg likar korleis forma omsluttar seg sjølv, og har ei slik behagelig organisk form. Med dette biletet ynskja eg å få fram assosiasjonar til gleda ved å baka noko sjølv og ikkje minst til den gode smaken av kanelboller.
Lyset kjem inn frå høgre hjørne og gir eit naturleg og jamt over dagslys. Ein kan sjå lyspunkt på fingartuppane, og ein kan sjå kor viktig lyset er for å skape volum. 
Kanelbolla er i fokuspunktet, medan dei andre bollene er utydelege i bakgrunnen. Men sjølv om bakgrunnen er utydeleg er han med på å skape rytme og gjentakelse i biletet. vinkelen på handa lagar ei diagonal linje og er ein kontrast mellom alle sirkel-formene. 

BESTE BILETE
Lukker 1/100   Blender f/2,2   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
(se på toppen av inlegg for beskrivelse av komposisjon og lys)
Eg valte dette biletet som det beste biletet på grunn av den stemninga den gir meg. Det er roleg, men samtidig stemningsfyllt. Eg er generelt glad i naturen, men då særleg skogen rundt hytta mi. Dette biletet gir meg gode assosiasjonar til friheit, lange dagar i rein luft og piknikar med gode veninner. 
Eg synes at eg har fått til ein god komposisjon med fokuspunktet i det gyldne snitt, og med å fange lyset som kjem inn gjennom trea og som skapar skyggespel på bakken. Dette er mitt favorittbilete. 

KVA HAR EG LÆRT?
Med å jobba med dei ulike kategoriane har eg lært meg å sjå etter kva verkemiddel som er viktige i eit bilete. Det er ofte at ein ikkje tenkar seg om når ein tek eit bilete, og då kan det ofte resultere i eit dårlegare bilete.  Eg har også lært av kvar enkelthendelse, eller blitt påminna på ting når eg no har sett nøyare gjennom bileta i ettertid. Eg ser at ting som plassering av kamera i forhold til motiv, bruk av lys og ikkje minst gode instillingar på kamera er viktige ting å ha i bakhovudet når ein fotograferer. Ikkje minst det å ha ein god komposisjon!

1 kommentar: