lørdag 14. april 2012

Portrett

Me fekk i oppgåve å ta portrett og utnytte det fine tåkelyset som var i vågen denne dagen. Tåka var med på å lage eit kjempe fint jamnt og kaldt lys, som gjorde det ypperleg å fotografere ute. 

Eit portrett er eit bilete som skal vise ein persons personlegheit, identitet og karakteristiske trekk. Det er vanlegast å ta portrettbileter av ansiktet, men det kan også vere andre karakteristiske trekk ved ein person. 



Desse to portretta av Ester er svært like, men også veldig ulike. Her er det kjensla som Ester utstrålar som avgjer stemninga på bilete. Lys og fargar er også med på å skape ei stemning i eit bilete. 
Dette bilete av Rebekka visar godt hennar glade og livlege personlegheit. 

Alle bileta er redigerte i Photoshop, kor eg har redigert fargane med hjelp av Curves RGB, blue, red og green. Eg gjorde dette for å få bileta lysare og kaldare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar