lørdag 14. april 2012

Retusjering.




I dag har me lært litt om redigering og retusjering, og kor mykje ein faktisk kan endra på eit bilete. Me lærte litt om dei ulike redskapa ein kan bruka i redigeringsprogrammet Photoshop. Det er mange måtar ein kan bruke redigering på; ein kan forbetre det ved å tilføre meir lys og endre fargar, men ein kan også endre på sjølve motivet. Dette kan fort gi eit unaturleg resultat, slik som på bileta over. 

Ei lita oversikt over dei ulike redskapa me brukte:

Burn Tool - gjer områder mørkare
Dogde Tool - gjer områder lysare
Brush Tool - pensel
Opacity - justerar tettleiken, anten på layers eller brush o.l
Spot Healing Tool Brush - fjernar ujamnheiter 
Healing Brush Tool // Clone Stamp Tool - kopierer eit område 

Ein kan også bruke noko som heiter Liquify for å redigere bileter. Den finn du ved å gå på filter og på liquify. Her kan du forstørre, forminske, dra og justere mykje. På bilete under har eg brukt dette verktøyet, men her er det brukt veldig ekstremt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar