mandag 13. februar 2012

Anonymia - midt i blant oss.

Sist mandag besøkte me Bryne Mølle og såg på utstillinga til fotograf Signe Christine Urdal og komponist Liv Runesdatter. Saman har dei laga ei  utstilling som heiter Anonymia - midt i blant oss. Utstillinga tek føre seg menneske, valg og følelsar som ligg rundt det å vera Hiv-positiv. Gjennom bileter og lyd forteljer Signe og Liv historiane til dei  hiv-positive, og viser oss det at dei er nett slik som oss. Dei hiv smitta lev blandt oss i samfunnet, og dei ber alle tungt på ei vond hemmelegheit.  Det er eit stort tabu å snakka om hiv i dag, dei fleste av oss er lite opplyste om sjukdommen og smittefaren. Me tek automatisk avstand frå noko som verkar skummelt og farleg, og eg trur at det er nettopp derfor dei let sjukdommen vera ein hemmelegheit. Du ynskjar ikkje at folk skal trekkja seg vekk frå deg og heller ikkje at det du skal bli forbunde med er sjukdommen din.

Fotografiene på utsillinga er tatt av Signe Christine Urdal, bileta på bloggen er tatt av meg med mitt Sony 330, og er ikkje originalfiler. 
Fotografiene på utsillinga er tatt av Signe Christine Urdal, bileta på bloggen er tatt av meg med mitt Sony 330, og er ikkje originalfiler.


Det var ei sterk utstilling, som tok opp eit svært viktig tema. Eg synes at det var spennandes at dei hadde satt lydspor, musikk og bileter saman. Det gjorde utsillinga endå meir ekte og du fekk eit endå sterkare inntrykk av det som skulle bli uttrykt .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar