mandag 27. februar 2012

vatn.

I dag fekk me ei oppgåve som handla om vatn og komposisjon. Vatn kan vere så mangt, rennande vatn, dogg, frost, snø, dropar eller hav. 

I min serie om vatn ynskja eg å ta utgangspunkt i naturen. Me finn vatn nærmast overalt på jorda, i ulike formar, mengdar og settingar. Eg ynskja å fanga vatnet i eit naturleg miljø, kor det ikkje blir styrt av menneskje. Naturen har mange detaljar og augenblink som me ofte går forbi og overser, det var kjekt og lærerikt å bruke tid på å prøve å fange desse. 
Bileta mine er tatt på ulike stader og visar vatn på svært forskjellege måtar. På same tid som dei alle er totalt ulike, har dei eit fellestrekk; vatn.

Lukker // 1/250      Blenderåpning //  f/1,4        ISO // 400

På dette biletet er det greina og vanndropane som er i fokus. Biletet er svært luftig på grunn av den utydelege bakgrunnen, og fordi fokuspunktet er plassert høgt på biletet. Skrålinja som greina dannar gjer biletet meir spanande, og er med på å føre blikket vårt ned mot dropane på barnålene. Det er eit jamnt lys over biletet, som kjem av naturleg dagslys. 

Eg har redigert biletet i photoshop og gjort det lysare og litt varmare i fargen.
Lukker // 1/80      Blenderåpning //  f/2,0        ISO // 400
På dette biletet ville eg fanga vatnets bevegelse, og måten den hadde grava seg ein eigen veg på stien. For- og bakgrunden er uklar, og er med på å retta fokuset mot det lille "fosse"-fallet. Også her er det eit jamn lys, danna av overskyet himmel, men ein kan sjå lyset bli reflektert i vatnoverflata. Biletet er redigert litt lysare og varmare i farge.


Lukker // 1/200      Blenderåpning //  f/2,0        ISO // 100
Vatnet på dette biletet er i stor bevegelse, noko som gjorde det svært utfordrandes å få eit bra resultat. Fokuset ligg på toppen av den lille bekken, kor vatnet krommar seg over kanten. Eg ynskja å få fram bevegelsen til vatnet utan å gjere han for utydeleg, men på same tid ynskja eg ikkje å fryse bevegelsen heilt. På dette biletet er det sollys som skapar gjenspegling i vatnet og som lagar ei varm stemning over motivet. 

Lukker // 1/800      Blenderåpning //  f/1,4        ISO // 100
Dette er det biletet som er mest ulikt frå dei andre, men visar på same tid vatn på ein god måte. Her har eg lagt fokuset på ein del av dropane og latt dei andre vera ufokuserte. Fokuset ligg i det gyldne snitt og det er mykje gjentaking. Lyset er kaldt og kjem frå naturleg dagslys. Eg redigerte biletet i photoshop med å gjera det litt mørkare og gjorde biletet mindre blått.



Lukker // 1/160      Blenderåpning //  f/10,0        ISO // 100
Dette er også eit bilete som viser vatn i bevegelse, og viser krafta til vatnet. Eg synes det er fascinerandes å sjå korleis bølgene veks og dannar mjuke toppar før dei bryt ned i vatnet og strøymer inn mot land. Eit evigvarande kringløp. 

Dette biletet er fokuset på bølgjene og deira levande bevegelsar. Det er ei kontrast mellom den rolege himmelen og dei store og detaljerte bevegelsane i havet. Dei horisontale linjene er med på å gjera det til eit roleg og behageleg bilete. Det er eit jamnt lys frå dagslys utan sterk sol,  og det er óg med på å gjere det til eit harmonisk bilete. 

Eg synes at det var kjekt å arbeide med ei oppgåve kor me sto så fritt til å gjera det me sjølv ville. Det var kjekt å kunne sprøve seg fram med å fange augenblink, og eg fekk god trening i det å stille inn kameraet rett. Eg synes det var ein god og kjekk oppgåve. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar