mandag 23. april 2012

Beste bilete, del 2








Lukker 1/40   Blender f/2,0   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
(sjå innlegget FEM KATEGORIAR, DEL 2 for beskriving av biletet)


Eg har valt dette biletet til mitt beste bilete! Eg likar svært godt stemninga i biletet, med det klare og nøytrale lyset som skapar skyggar og kontrastar. Bruken av dybdeskarphet får fram de små detaljene og skaper et rolig og behagelig bilde. Biletet får meg til å tenkje på far min og gir meg assosiasjonar til arbeid og eit langt liv. For meg er det eit bilete med hjarte og følelsar. Derfor er dette mitt beste bilete.

Fem kategoriar, del 2

Mine fem kategoriar er: Blender//lukkar , hender, raud ballong, portrett og komposisjon.

BLENDER // LUKKAR






Lukker 1/125   Blender f/2,0   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Tanken bak dette bilete var å setje fokus på dei små vassdropane på graset. Ved å bruke stor blenderopning var det mogleg å fokusere på ein liten del av graset, medan resten vart i ufokus. 
Ved å bruke dette verkemiddelet får ein eit mykje rolegare bilete. Det er mykje lys på bilete, med jamnt og klart lys. Det låg tåke på markene denne ettermiddagen, og det gav eit fint og kvitt lys. Eg synes at biletet visar ei kjensle og ei stemning. Dei horisontale linjene i bakgrunnen gjer biletet roleg og behageleg, og gjentakinga i graset er med på å skape rytme. Dei små vassdropane er med på å gi liv til graset og gjer det meir interessant. 
Biletet er redigert i photoshop CS5, kor eg har brukt Curves red og blue, og gjort biletet varmare. Sjå her for originalbiletet. 

Lukker 1/250   Blender f/4,5   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
I dette biletet ynskja eg å få fram det tette nettet av greiner og dei spirande bladene. Biletet er delt opp i forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn, kor dei ulike laga har ulik djubdeskarpheit. Ved å bruke stor blenderopning blir det, i likheit med biletet ovanfor, enkelte parti som kjem u tav fokus.  Dette er med på å skape spenning. Det er kaldt, jamnt lys på grunn av naturleg dagslys, dette framhevar fargen på bladene.Skrålinjene skapa av greinene er med på å skape spenning i komposisjonen. 
Biletet er redigert i photoshop, kor eg har brukt Curves (red, blue) og ein gradient map i orange og lilla. Sjå her for originalbiletet. 

HENDER
Hender kan vere med på å fortelje ei historie om eit liv; sletne arbeidshender eller tynne lange pianofingrar. I desse to biletene av hender ynskja eg å fanga det karakteristiske ved desse hendene, og deira særeigenheit. 


Lukker 1/40   Blender f/2,0   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Fokuset i biletet ligg på den fremderste handa, medan den høgre handa ligg i mellomgrunnen og bakgrunnen er uklar. Hendene er plassert i det gyldne snitt, og skrålinjene i tommlene er med på å føre blikket mot fokuspunktet. Det er mange små, fine detaljar på handa, derfor synes eg det var viktig å framheve desse medan bakgrunnen var nøytral. 
Det er store kontrastar mellom mørkt og lyst i biletet, dette skapar spenning og stemning. Lyset er naturleg og jamnt dagslys som kjem frå venstre. Det er mørkare inne enn ute og det er med på å skape fine skyggar inni hendene. Biletet er redigert i photoshop, kor eg har endra på fargane i curves (red, blue) og tilsatt litt meir lys. Sjå originalbiletet her.




Lukker 1/25   Blender f/2,0   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Dei store kontrastane mellom lyst og mørkt, saman med måten hendene er folda på er med på å skape ei alvorleg og kjøleg stemning. For meg gir dei falda hendene assosiasjonar til ro og alvor, noko som gjer at biletet får meir betydning. Lyset er klart og kjøleg og kjem ovanfrå, det er med på å skape høglys og skyggar i handa. Den lyse bakgrunnen er med på å balansere dei mørke skyggane slik at biletet blir behageleg og roleg, samtidig som det er mykje spenning og store kontrastar. 
Eg har redigert biletet i photoshop CS5, med curves (red, blue). Sjå originalbiletet her.

RAUD BALLONG 





Lukker 1/2500   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat Canon EOS 7D
Me får ulike assosiasjonar av ulike ting, og ballongar får meg til å tenke på fridom, fest og leik.  


Ideen bak dette fotoet var å fram den strame, organiske forma til ballongane, og skildre ei leiken og fri stemning. 
Komposisjonen i biletet er ganske laus og verkar tilfeldig; noko som er med på å gjere ho svært interessang. Gjentakinga av ballongane, skrålinjer og plasseringa nær de gyldne snitt er med på samle komposisjonen til ein heilheit utan at ho er for laus og dette frå kvarandre. 
Fokuspunktet ligg på ballongen mest til venstre, og det blir danna ulike lag i komposisjonen ved hjelp av djupdeskarpheit. 
Det er jamnt, naturleg dagslys i bilete, og gjenspeglinga i ballongane er med på å skape romføling og gjer at ballongane ikkje verkar tunge mot den lyse bakgrunnen. 
Eg har redigert biletet kaldare ved bruk av curves i photoshop. For å sjå det originale biletet trykk her. 


Lukker 1/2000   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Biletet viser ballongar i bevegelse, eg likar korleis det er ei naturleg hendelse og at det ikkje er oppstillt. 
Motivet er plassert i det gyldne snitt, med fokuspunkt den fremste raude ballongen. Dei raude ballongane tek fokuspunktet naturleg på grunn av den sterke fargen, og det grøne graset er med på å framheve dei. Balansen i biletet fungerar bra fordi det ikkje er for mykje farge, og det berre er enkelte områder som er i fokus.  Lyset er jamnt, dust og naturleg dagslys som blir godt reklektert i ballongane. Desse refleksjonane er med på å skape spenning og romfølelse. 
Biletet er redigert i photoshop, kor eg har brukt curves (red) for å gjera biletet varmare og lysare. Sjå her for originalbiletet.

KOMPOSISJON





Lukker 1/160   Blender f/3,2   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Tanken bak dette biletet var å fange eit augonblink og den kjensla av å opne ei ny pakke med framkalla bileter. Eg likar korleis bileter kan få det til å følast som ein er der sjølv. 


Fokuspunktet ligg på hendene og overkroppen til Ester, medan føtene og bakgrunnen er meir utydelege. Denne djubdeskarpheita kjem av at eg brukar stor blendaropning på kameraet mitt, kor eg brukar fastobjektiv 50mm med f/1,4 blendaropning. Lyset er nøytralt og kjem av naturleg dagslys. 
Ester er plassert i det gyldne snitt, og dei horisontale linjene er med på å skape ro i biletet. 
Eg har redigert biletet lett i photoshop, og gjort det litt lysare ved hjelp av curves. sjå originalbiletet her.


Lukker 1/125   Blender f/4,0   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Motivet og fokuspunkt er i det gyldne snitt, med uklar framgrunn og bakgrunn. Sidan det er mange detaljar i biletet er det viktig med dybdeskarpheit slik at det blir ro og balanse i biletet. Lyset er mykjt, jamnt og naturleg, og er med på å skape små skyggar. Eg likar korleis det følest som ein tek del i augonblinken, og at du ser ho over skuldra. Biletet er redigert i photoshop og gjort varmare ved hjelp av curves. Sjå her for originalbiletet. 


PORTRETT
Eit portrett skal representere ein person, og vise deira personlegheit og karakteristiske trekk. 
Lukker 1/160   Blender f/4,0   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Bildet har en enkel komposisjon, med Ester i det gyldne snitt i forgrunnen medan bakgrunnen er uklar. Dette er med på å sette større fokus på ho. Lyset er jamnt og varmt og kjem av overskya himmel, dette gjer at det blir lite kontrastar. Linjene i bakgrunnen er med på å skape djubde i biletet, sjølv om fokuset ikkje ligg her. Biletet er redigert varmare i photoshop ved bruk av curves (red). Sjå originalbilete her!


OOO



Lukker 1/60   Blender f/1,4   ISO 200   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Motivet er plassert i det gyldne snitt, med fokus på øvste del av ansiktet. Skrålinjene danna av retningen på ansiktet er med på å skape dynamikk til biletet og gjer det interessant. Samtidig utstrålar ho ein ro som smittar over på korleis me oppfattar biletet. Bruk av stor djubdeskarpheit skapar ein fin og nøytral bakgrunn med bokeh. Biletet er tatt innandørs og belysninga kjem frå lyskastarar i taket; dette gav eit veldig gult lys, og eg valte derfor å redigere biletet til svart-kvit. Eg synes at det fine skyggane og trekka i ansiktet kom betre til uttrykk då. Biletet er redigert om til svart-kvit ved hjelp av gradient map (tidlegare forklart på bloggen) og justert ved hjelp av curves. 

KVA HAR EG LÆRT?
Eg synes at det er interessant å jobba med dei ulike kategoriane, fordi det er noko eg sjeldan gjer. Det å kommentere bileta og vere oppmerksam på komposisjon og lys, for så å kommentere dette er svært lærereikt. Med å arbeide med desse bileta har eg lært mykje om redigering i photoshop også, og ved å sjå på originialbileta kan ein sjå at dette er viktig arbeid for å få eit godt resultat. 
Ein ting eg har blitt oppmerksam på er kor stor verkning dybdeskarpheita har, og at det gjer heile forskjellen! Eg lærar alltid noko når eg tek bileter, og fortsetter å utvikla meg. Det synes eg er veldig kjekt. 

lørdag 14. april 2012

Portrett

Me fekk i oppgåve å ta portrett og utnytte det fine tåkelyset som var i vågen denne dagen. Tåka var med på å lage eit kjempe fint jamnt og kaldt lys, som gjorde det ypperleg å fotografere ute. 

Eit portrett er eit bilete som skal vise ein persons personlegheit, identitet og karakteristiske trekk. Det er vanlegast å ta portrettbileter av ansiktet, men det kan også vere andre karakteristiske trekk ved ein person. 



Desse to portretta av Ester er svært like, men også veldig ulike. Her er det kjensla som Ester utstrålar som avgjer stemninga på bilete. Lys og fargar er også med på å skape ei stemning i eit bilete. 
Dette bilete av Rebekka visar godt hennar glade og livlege personlegheit. 

Alle bileta er redigerte i Photoshop, kor eg har redigert fargane med hjelp av Curves RGB, blue, red og green. Eg gjorde dette for å få bileta lysare og kaldare.

Retusjering.




I dag har me lært litt om redigering og retusjering, og kor mykje ein faktisk kan endra på eit bilete. Me lærte litt om dei ulike redskapa ein kan bruka i redigeringsprogrammet Photoshop. Det er mange måtar ein kan bruke redigering på; ein kan forbetre det ved å tilføre meir lys og endre fargar, men ein kan også endre på sjølve motivet. Dette kan fort gi eit unaturleg resultat, slik som på bileta over. 

Ei lita oversikt over dei ulike redskapa me brukte:

Burn Tool - gjer områder mørkare
Dogde Tool - gjer områder lysare
Brush Tool - pensel
Opacity - justerar tettleiken, anten på layers eller brush o.l
Spot Healing Tool Brush - fjernar ujamnheiter 
Healing Brush Tool // Clone Stamp Tool - kopierer eit område 

Ein kan også bruke noko som heiter Liquify for å redigere bileter. Den finn du ved å gå på filter og på liquify. Her kan du forstørre, forminske, dra og justere mykje. På bilete under har eg brukt dette verktøyet, men her er det brukt veldig ekstremt. 

Svart-kvit med ein skvett farge.



I dag har me lært korleis ein får eit farga felt i eit svart kvitt bilete. Til dette brukte me photoshop.
1. kopier bakgrunnen ved å trykke duplicate layer.
2. Gjer det øvste bilete om til svart-kvit ved å bruke Gradient Map. Juster kontrast og lys i Curves om nødvendig. 
3. Trykk på knappen som er ein grå firkant med ein kvit runding (tredje til venstre).
4. Bruk brush i svart farge til å "viske" vekk fargen på den gjenstanden som du vil ha farga. Kvit kan bli brukt som "visk" til å gjere områder svart-kvit igjen.



mandag 19. mars 2012

Blender

Blenderen er den åpningen i kameraet som slepp inn lys og ved å endre blenderopningen regulerer du mengden lys som slepp inn til filmen.  Me kan samanlikna blendaren i kameraet med irisen i auga, det er den som bestemmer kor mykje lys som kjem inn gjennom auga vårt. Ein brukar derfor liten blendaropning når det er mykje lys og stor blendaropning når det er lite lys. 
Blendaropningen er også med på å bestemme dybdeskarpheita i eit bilete, kor stor blenderopning gir liten dybdeskarpheit og liten blenderopning gir stor dybdeskarpheit. 
Ein kan stille blendaren frå 1.0 til 22, kor 1.0 er stor blenderopning og 22 er liten. 

I dag fekk me i oppgåve å ta ulike bileter kor me fekk fram forskjellen på å bruke stor og liten dybdeskarpheit ved å endre på blenderopninga. 

Lukker 1/1250   Blender f/ 1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv


Lukker 1/80   Blender f/ 11.0   ISO 400   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
På desse to bileta kan ein tydeleg sjå forskell i dybdeskarpheit. På det øvste biletet er det eine bladet i fokus, medan det andre er uklart. På det nedste biletet er alle blada i fokus. Eg synes at det gjer eit mykje finare uttrykk når det er liten dybdeskarpheit. 


Lukker 1/3200   Blender f/ 1,4   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
Lukker 1/80   Blender f/ 10,0   ISO 125   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv
På desse to bileta kjem ikkje forskjellen med dybdeskarpheit like godt fram når ein ser på objektet (beina), men om ein ser på bakgrunnen kjem det tydeleg fram. På det øvste biletet er det liten dybdeskarpheit, og objektet kjem tydelegare fram enn på det nedste biletet. 
Lukker 1/4000   Blender f/ 1,7   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv

Lukker 1/125   Blender f/ 11,0   ISO 100   Fotoapparat SONY 330 med 50 mm objektiv


søndag 18. mars 2012

ekskursjon til arkeologisk museum

Eit bilete kan vere med på å fortelje ei historie, vise ein hendelse, raportere, dokumentere, få fram kjensler og skape draumar. Ein kan bruke eit fotografi til så utruleg mykje, i varierte settingar. 
Den 12. Mars var me på ekskursjon til Arkeologisk museum i Stavanger for å sjå på ei utstilling kalla "Time Line" av fotograf Terje Tveit. Terje arbeider som fotograf på arkeologisk museum, og han fortalte oss litt om dei forskjellige arbeidsoppgåvene sine. Det er han som tek bileter av dei arkologiske funna, nokre gonger i feltet men óg alltid når dei kjem til museet. Me fekk sjå nokre av fotografia hans, og han fortalte oss litt om korleis han arbeida med lys, skyggar, kontrastar og plassering for å få fram gjenstanden på best mogleg måte. 

På museet hadde Terje Tveit ei utstilling kalla "Time Line" med sine eigne private bileter. Dette var ulike naturbileter, som stod i kontrast til kva han arbeida med til vanleg på museet. Han snakka litt om etterarbeidet med fotografia og viktigheita av lysbruk. 

Eg synes at det var interessant å sjå kor ulike uttrykk eit fotografi kan gje, og kor store variasjonsmoglegheiter du har. Terje Tveit brukar fotografi både som dokumentasjon, men óg som kunst! Bildene i dette inlegget er en dokumentasjon av vår tur til Arkeologisk Museum.